søndag 25. januar 2009

Guatemalamoments.

Guatemalamoment- Du gjoer noko som du vanligvis gjer i Norge og plutseleg blir du overraska over aa vaere i Guatemala. Dette blir gjerne etterfulgt av aa seie eller tenke orda "Shit, eg er i Guatemala!" eller "Guatemalamoment!"
Eg har to eksempel paa dette som illustrerer utrykket guatemalamoment veldig godt.

Eg og Haavard prata om heilt random temaer som film, boeker, teater, teikneseriar og hadde avslutta med ein lengre samtale om Jason som forfattar. Det er den heilt vanlege samtalen om laust og fast som ein har utan atein har noiko haap om aa komme nokon vei. Hadde heilt gloeymt at eg ikkje var i Noreg. Plutseleg ser eg ut doera og oppdagar ei knallraud sol som gaar ned over gummitrer i eit vnnvittig landskap mens eg hoerer lyden av eit opent matbaal og sildring av vatn.

Andre historia.
Haavard sitter og leser Ringenes Herre litt seint paa ettermiddagen. Sitter der heilt betatt av dette magiskeuniverse med rare spraak og sproe hendingar. Plutsileg blir han klar over at rundt han sitter dei ei mayaprestinne saman med ei lita gruppe indianararog pratar Quiche, eit heilt ukjent spraak, med kvarandre.

1 kommentar:

Anonym sa...

Gøye og spennende innlegg!
Har et spørsmål;er det noen som kan finne mer ut av hva mayakalenderen og mayafolk sier om (ifølge vår kalender) år 2012?
Helene