lørdag 31. januar 2009

Manuelt gardsbruk!

Det slutter aldri å overraske meg kor annleis gardsbruk er her i forhold til Noreg samtidig som mykje er likt.
Det er lammetid her som alle andre steder men i i desember og januar! It`s not right I tells ya!!!

Alt foregår også for hand naturlig nok sidan mykje av jorda tilgjengeleg er umuleg å komme fram til med traktor. Dette gjer arbeidet hardt. Det å for eiksempel frakte 2 mål (5 cuerdas trur eg er det samme som 2 mål) med korn som du har slått for hand, ein avstand som det tar ein time å gå er nokså hardt.
Vi har og fått vaere med på å rydde to jordlappa for hand. Det å bli kvitt vegetasjone går greitt, det å flytte store steinar og bli kvitt store vedstubbar går nokså greitt men naar du so skal vende hard jord i steikande sol med handreiskapar, det er tungt. Eg trur eg hadde greidd å gjere det betre i Noreg utan den solstyeiken.
Ellers har vi fått vende kumøkk som seinare skal brukas til gjødsling av maisåker. Det er ein ganskje spesiell opplevelse å merke at eit vindkast fyller auga, munnen og nasebora med skit, bokstaveleg talt. Samtidig er dei flottaste opplevelsane eg har hatt på turen er når eg har stått og sett på den rydda jordlappen, møkkhaugen området med fylte insektsfeller og tenkt "Detta kan eg ta litt av aera for"
Eg liker det å arbeide her men eg kan ikkje tru at folk ikkje har sliter seg beint i hjel av å gjaere dette kvar einaste dag. Eg trur eg hadde låge beint ut på ryggen etter tre veker.
Eg har kunn respekt for bønder i dette landet.

Ingen kommentarer: