I gaar var eg med ein tur til San Martin, ein by som befinner seg ein femten kilometer fraa Todos Santos. Husfaren min, Fortunato, skulle ha ein time i mam* der, noko han har kvar einaste soendag. Han spurte om eg ville vaere med og eg takka ja. Desverre gloeymde eg, i min endelause visdom, aa ta med kameraet. Vi venta kanskje ein halv time paa bussen foer vi kom oss paa ein chickenbus som skulle den vegen. Veien var hompete og bussen gybnga fraa tid til anna faretruande mot sida. Det minna om ein elefanttur eg hadde i India.
Fortunato gjekk inn i ein bygning som var tilknytta den lokale kirka og gav beskjed om at eg skulle ta ein liten tour rundt og sjaa meg omkring.
Eg gjekk ned hovudgata og eg la merke til at folk stoppa opp for aa sjaa paa meg. smaa gutar slutta aa leike naar eg gjekk forbi. Eg gjekk tilbake snakka litt med nokre tretten til femten aar gamle gutar, praten gjekk mest i kva eg gjorde her, kor lenge egkom til aa vaere her... saanne ting.
Etterpaa gjekk eg for aa skrive litt i dagboka mi om kva eg hadde opplevd. eg satte meg opp mot kirkeveggen slik at eg kunne sjaa kva som foregikk paa basketballbana der det foregikk ein kamp. Som resultat tok eg oppmerksomheten vekk fraa kampen naar mange byrja aa sjaa paa meg.
For foerste gong fekk eg oppleve korleis det var aa vaere i minoriteten. Det var ei oppleving eg sint vil gloeyme.
Eg spilte lñitt fotball med nokre smaagutar foer Fortunato kom ut av klasserommet og vi for tilbake att. Ein fin time i San Martin.
*Mam er eit av noko og tjue mayaspraak som blir tala i Guatemala. Omtrent alle i Todos Santos og omegn snakkar mam, unntaket er eit par innflyttarar.
mandag 12. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Ååååh Sindre, kan ikkje du ta med deg noko fancy jævlig guatemalsk til meg, så kan vi rocke laus og spreie det glade sør-amerikanske bodskap til vårt vene Vestland når du kjem tilbake?
Eg saknar deg, og ikkje minst din fabelaktige kamelhårsfrakk, og vonar du har det flotters der borti (som det ser ut til at du har) og at vi snart sjåast att:)
Kozeklemz frå Sara
Forresten: eg er blitt ein _storvegs_ klemmar etter lånet av den lille klemmeboka di. Ja, ein kan nesten seie at eg er ultimat på klemmefronten no til dags!
Legg inn en kommentar