onsdag 31. desember 2008

Godt Nytt år frå Santiago de Atitlan

Klokka er fem over halv seks i guatemala men heime i Norge veit eg at festen er fullt i gong. Det nye året maa jo feirast, vi skal byrje.
I dag tok vi båten over Lago de Atitlan. Vi kjørte over denne fantastisk innsjøen mens vi naut utsikten av tre vulkanfjell, fiskarar i små trebåtar mens det heile såg ut til å bade i sol.
Santiago er ikkje ein like stor turistby som Panajachel som vi var i i går og med litt mindre "Gringos" rundt meg har eg endeleg oppdaga kor vanvitttig mykje høgare eg er i forhold til urbefolkninga.
I dag gjekk vi rundt på marknaden. Eg, Håvard og Martine traska rundt og såg på bodene som solgte alle ting ein turist kjøper men ikkje har bruk for. Vi begynte å bli leiemen so sa Martine "sjå, det er vist noko meir der inne"(Eller noko tilsvarande på hennar dialekt.)

Vi gjekk inn ein ganske stor port inn i eit kjemperom. I heile rommet kunne ein kjøpe frukt og grønnsaker av alle former og farger og i kvart hjørne var eit lite slakteri der det hang overkroppen til eit storfe. Velfødde hunder gjekk fram og tilbake mellom slakteria.
Lukt av frukt, rått kjøtt og skit frå hundane blanda seg i nesebora våre.

Vi gjekk opp ein etasje, der kunne ein få kjøpt klokker, ringer, sakser, tannpasta, innetøy, utetøy, skotøy, syltetøy, hatter og alt anna du kunne komme på å spørje om.
Rundt desse bodene traska det damer som nådde meg opp til livet, eg følte eg hadde landa i ei ver der eg ikkje høyrde til. Eg avslutter herved med ein tanke som slo meg mellom små boder og enda mindre damer som eg synes beskriver den følelsen eg har no "Sindre Hovland Søreide, ein kjempe i lilleputtland."

Ingen kommentarer: